Alden

Alden er ei øy i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane, og ligg 61°18′59″N og 4°46′0″E. Ho ligg utom Vilnesfjorden, mellom Atløy/Tvibyrge og Værlandet. Toppen har namnet Norskehesten (også kalla Den norske hest) og er 481moh. På klare dagar kan Alden vere synleg over 100 km til havs og frå toppen er utsikta formidabel. Til dømes ser ein ut til oljefelta i vest.
Alden er eit kjent seglingsmerke og er det første ein ser av Noreg når ein kjem inn frå vest.
Turen frå hamna og opp til toppen tek om lag 1.5 time, i relativt lett terreng. Turen ned att tek noko mindre tid.
