Lindåsslusane/Lindåsstraumane

I tusener av år har farleia fra Bergen og nordover, gjennom Alverstraumen, Lurefjorden og straumane vore ein svært viktig del av ferdselsåra langs norskekysten. Dei mange straumane kunne være strie å forsere med mondre farkostar og det var heller ikkje ufarleg, men ofte var leia eit godt alternativ til å fare vestom Austrheim og Radøy.
Området er kanskje første pressområde i Noreg ved at vi ha spor etter 3000 års samanhengande busetting frå steinalderen. Også frå bronsealder og vikingetida finn vi mange kulturminne. Den indre farleia var ofte siste etappe for nordlandsjektene i seglbåttida – særleg når veret ikkje var so greitt. Dampbåttida skapte stor trafikk og vekst i samfunna langs leia, men i dag er det vegverts samferdsle som pregar utviklinga. Farleia vart merka og tilrettelagt med venteplass ved straumane og fjerdingsmerke langs leia.
Då dampbåtene inntok fjordane på slutten av 1800- talet vart farleia merka med fyrlykter. For at fjordabåten skulle kunna ta seg heilt inn til Lindåsbygda, blei dei svært stride straumane mellom Lurefjorden og Lindåsosane temde med sjøsluser. Slusene stod ferdig i 1908 og var i drift helt frem til 1963. Sidan den tid har sluseanlegget stått urørd.
Lindåsslusene har blitt restaurert slik at dei kan takast i bruk igjen. Arbeidet er både eit nasjonalt 2000-års prosjekt og et 100-års prosjekt for sjøslusene.
Lindås sjøsluser, saman med av Den Indre Farleia gjennom Nordhordland, er eit vakkert og spennande reisemål!
