CORNELIUS

Når eit måltid blir ei oppleving!

Cornelius er ein sjømatrestaurant lokalisert på ein liten holme ved Bjorøy rett sør for Sotra brua like utanfor Bergen.

Ein kveld på Cornelius er ei opplevelse der du får ein nærleik til råvarene på ein unik måte og smakane er verkeleg fantastiske!

Einaste veg til Cornelius er via sjøen. Gjer derfor turen til restauranten til også ei oppleving. Våre RIB-båtar tar deg med på ei fartsfyllt og underholdande reise ut i skjærgården der råvarene er henta frå.

Ta kontakt så finn vi saman med Cornelius best mogeleg opplegg for di gruppe.

  • Kapasitet: Ein båt kan ta inntil 12 personar og vi kan stille med 3 båtar på samme tid.
     
  • Varighet: Turen kan vare så lenge du måtte ønske. Normalt anbefaler vi ein tur på minst 1 time.
     
  • Pris: Kostnaden er basert på timeleige. Du leiger ein heil båt og betalar soleis samme pris om de er 5 eller 12 personar. Pris per person vil soleis variere basert på antall. Den billigaste varianten er å ha ein båt som køyrer fleire korte turar. Eksempelvis vil det for ei gruppe på 24 personar koste kr. 340,- per person om ein brukar ein båt som køyrer to turar til Cornelius på 20 minutt.
     
  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer!
    For turar ut til havet vil det være beste å starte opp i området Flesland/Hjellestad, men har du god tid kan vi plukke deg opp midt i Bergen sentrum!
    Vårt nullpunkt strekkjer seg frå sentrum til Hjellestad, men vi tar naturlegvis også turar utanfor dette området.

     
  • Utstyr: Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen. Du kan soleis komme slik du er!
  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevingar.