FISKETUR SKJERJEHAMN

bli med på fisketur i eit fantastisk område for fiske og fangst!

På Skjerjehamn kan vi arrangere fisketurar for alle type grupper. Vi stiller med fartøy med lokalkjent mannskap som veit kor dei gode fiskeplassane ligg.

Båten MS Sognesjø som vi har stasjonert i Gulen kan ta inntil 18 personar og passar veldig bra til fisketurar. Vi stiller med nødvendig utstyr og her er turen ikkje lang før de kan "hive bruket i sjøen". Vi anbefalar at det der maks 12 personar ombord på fisketurar med denne båten.

På ein fisketur er det viktig å ikkje være for mange ettersom det er begrensa kor mange som kan fiske på samme tid. Nesten uansett størrelse på båt vil det være maks 10 personar som kan fiske samtidig. Derfor er det gjerne best å bruke fleire små båtar. Alternativet er å dele gruppa i to slik at nokon fiskar, mens dei andre gjer ein anna aktivitet! Sjå her for andre aktivitetar vi kan tilby på Skjerjehamn.

Eit spennande innslag på ein fisketur for å få litt action også er å leige inn ein RIB på samme tid. Heile gjengen går ombord i fiskebåten, men etter ei stund kjem ein RIB-båt og møter dykk. Dette kan då være ei overasing for deltakarane, og den vil garantert bli tatt godt i mot. RIB-båten tar då småturar, mens andre fiskar. Båten kan då ta med grupper på inntil 12 personar der ein går ombord direkte frå fiskebåten. 

Ta kontakt så syr vi saman eit artig opplegg!

  • Varighet: Vi anbefaler ein tur på minst 3 timar.
     
  • Pris: Ta kontakt.
     
  • Møteplass: Skjerjehamn eller Eivindvik
     
  • Utstyr: Vi stiller med enkelt fiskeutstyr, type fiskesnøre eller liknande. 
     
  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevelsar.
Sognesjo.JPG