FJORD GUIDING DA

Frå rib-selskap til totalleverandør av fjord og kystopplevelsar.

FjordGuiding vart opprinneleg starta i 2007 av Gulen Skyssbåtservice ved Per Vold og Sognefjord Invest AS ved Kjetil Hantveit. 

Selskapet starta med dei to systerribbane Gere og Freke bygd i Brasil og utrusta i Stryn. Selskapet hadde som føremål å levere opplevingsturar langs Vestlandskysten. 

Allereie fyrste sesongen i 2007 lukkast selskapet i slik grad at det raskt vart kjøpt inn ein båt til for å dekke behovet, ribbåten Fenris, ein Parker 900RS. Seinare har oppdraga auka på, passasjermengda auka og fleire båtar har blitt kjøpt. 

I 2010 overtok Sognefjord Invest AS heile selskapet. I dag fraktar FjordGuiding tusenvis av opplevingsturistar årleg, og leverer turar frå Austevoll i sør til Geiranger i nord. Selskapet har i dag heilårleg tilsette, er framleis i sterk vekst og ser stadig fram mot nye horisontar og fjordar å syne fram. 

Suksesskriteriane som har ført til at selskapet er kome der det er i dag er hardt arbeid over tid, redudans, flinke tilsette, noko flaks og ein fantastisk vestlandsnatur å syne fram.

Omsetninga til FjordGuiding har sidan 2011 auka med ca. ein halv million kroner årleg og er i dag på ca. 4,5 million kroner.

TRYGGLEIK

Verksemda har fokus på tryggleik og har sidan starten ingen tilfelle av personskade eller
skade på ytre miljø. Selskapet nyttar kun kvalifisert personale som minimum innehar D5Lfritidsbåtskipparsertifikat, IMO 60 tryggleikskurs, og ROC (evtVHF) - kurs. Kundar som
ynskjer å reise på RIB-tur med oss må kle seg i godkjent flytedress og vernebriller som selskapet
vederlagsfritt låner ut. Samtidig må alle gjennomgå obligatorisk tryggleiksorientering før dei
kan gå om bord.


TELeFON

(+47) 47 80 20 10


MAIL

info@fjordguiding.no


Location

Fjord Guiding AS
Hantveit 257
5960 DALSØYRA
NORWAY


kontaKtperson

Ola Alexander Lilloe-Olsen 
ola@fjordguiding.no
(+47) 47 40 75 41


ORGANISASJONSNR.

991 488 863