Bringa

Bringa var ein gard nede ved sjøen, på nordsida av Geirangerfjorden. Bringa vart fråflytta på slutten av 1800-talet, og det står i dag berre nokre murar att av garden. Frå Bringa går også gangvegen opp til Gomsdalen, 600 meter over havet.

Soga seier at bøndene Sølfest på Blomberg, og Peder på Bringa i året 1849 vart einige om å byte gardar. Sølfest var lei av den lange sjøvegen ved Blomberg, medan Peder støtt var redd for rasfaren ved Bringa. Etter ein kveld i godt lag vart avtalen gjort, og dei to bøndene bytte gardar.