Knivsflå

Knivsflå er ein annan fjellgard, og ligg tvers over fjorden frå Skageflå. Garden ligg like ved fossen Dei sju systre, om lag 250 meter over havet. Knivsflå ligg utsett til for steinsprang og ras. Allereie i 1898 vart garden fråflytta på grunn av dette. Ein var redd ei ein stor fjellhammar like over husa ville rase ut.