HARDINGASETE

I hjarte av Hardanger ligg ein gøymestad som bør oppdagst!

Hardingasete er eit unikt kurs- og konferansesenter - det gamle møter det nye. I krysningspunktet mellom gamle, autentiske omgjevnader og topp moderne fasilitetar finn du Hardingasete. Her er det lagt vekt på å skapa eit vestlandsmiljø slik det var før i tida. Dei mange gamle husa som er flytta til staden, er innreidde med antikvitetar, men inneheld samstundes alt av dagens komfort og med moderne bad og kjøkken. Bortgøymd på historisk grunn på Ljoneshalvøya ved Hardangerfjorden ligg tunet idyllisk til, vestvendt og med utsikt over den vakre fjorden.

Hardingasete vert leigd ut til kurs og konferansar, leiarsamlingar og teambuilding. Det er også ein eigna plass for høgtidelege markeringar som til dømes bryllaup.

Turen til Hardingasete bør utvilsamt gå på den vakre Hardangerfjorden! Med våre RIB-båtar tar vi dykk med på ein unik tur der de kjem tettare på naturen og får oppleve fjorden på ein heilt spesiell måte. Turen går i høg fart, men vi tar også stopp underveis der ein får puste inn det fantastiske landskapet som omkransar ein.

  • Kapasitet: Ein båt kan ta inntil 12 personar og vi kan stille med 3 båtar på samme tid.
     
  • Varighet: 1,5 til 2 timar.
     
  • Pris: Kostnaden er basert på timeleige. Du leiger ein heil båt og betalar soleis samme pris om de er 5 eller 12 personar. Pris per person vil soleis variere basert på antall.
     
  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer!
     
  • Utstyr: Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen. Du kan soleis komme slik du er!
     
  • Fart: Våre båtar har ein marsjfart på 35 knopp og ein toppfart på 45!
     
  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevelsar.