HAVRAFTING GULEN

Gulen - eit eldorado for havrafting!

Gulen har ein fantastisk skjergard og det er berre ved hjelp av ein RIB-båt du verkeleg kan få oppleve denne unike naturen.

Ved starten av turen får alle utlevert overlevingsdrakter til å ha på seg. Desse er både vind- og vasstette. I tillegg får ein beskyttelses briller. Båten beveger seg raskt, men behageleg gjennom skjergarden, og du kjem tett innpå naturen.

Turen går for eksempel mot vest, der hav treff fjell. Vi passerar 1500 holmar og skjer, mellom Fensfjorden i sør og Sognefjorden i nord. Blant stadane vi er innom kan nemnast Skjerjehamn, Mongstad, Byrknesøy, Grima, Koksøy, Sogneoksen, Kvernøy, Hille, Eivindvik og Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Undervegs vert det fortalt historia frå den vakre skjergarden, og er vi heldige får vi sjå både havørn, nise og kobbe!

I Gulen er ein på historisk grunn, og på turen stopper vi for ei guida omvising på Gulatingsstaden på Flolid. Den flotte skulpturparken gjev ei storslagen ramme til ei spennande og viktig del av historia vår.

  • Kapasitet: Ein båt kan ta inntil 12 personar og vi kan stille med 3 båtar på same tid. Tar kvar båt to turar på 30 min kan vi på ein time køyre totalt 72 personar.
     
  • Varighet: Turen kan vare så lenge du måtte ønske. Normalt anbefaler vi ein tur på minst 1 time, men dette kjem litt an på kva setting det er snakk om. Er det berre snakk om ein liten kickstart på eit arrangement kan 20-30 minutt være nok! 
    Minimumsleie per båt er 1 time. 

     
  • Pris: Kostnaden er basert på timeleige. Du leiger ein heil båt og betalar soleis same pris om de er 5 eller 12 personar. Pris per person vil soleis variere basert på kor mange de er. Den billigaste varianten er å ha ein båt som køyrer fleire korte turar. Eksempelvis vil det for ei gruppe på 24 personar koste kr. 340,- per person om ein brukar ein båt som køyrer to turar på 30 minutt.
     
  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer!
    Vårt nullpunkt i Gulen er Eivindvik og Skjerjehamn men vi tar naturlegvis også turar utanfor dette området.

     
  • Utstyr: Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen. Du kan soleis komme slik du er!
     
  • Fart: Våre båtar har ein marsjfart på 35 knopp og ein toppfart på 45!
     
  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevingar.