KJELSTRAUMEN VERTSHUS

DER DEN IDYLLISKE ALVERSTRAUMEN MØTE EIN FANTASTIK SKJÆRGARD!

Reiseruta frå Bergen til Kjelstraumen er kanskje den ultimate båttur i Bergens-området. Vi hentar dykk på Fisketorget med våre RIB-båtar og set kursen nordover.

Etter å ha passert Frekhaug og Knarvik susar båten inn på den idylliske Alverstraumen. Her dannar flo og fjære ein sterk straum som RIB-båtane kan surfe på mens du kan nyte den fantastiske nærleiken til naturen du får her. 

Etter å ha sust mellom holmar og skjær opnar landskapet seg og der skjærgården overtek ligg Kjelstraumen Verthus.

Her kan du få ein fest på ekte "strilavis" og Ausedansen blir garantert ein slager iløpet av kvelden.

Om du allereie er på Kjelstraumen kan vi lage til eit spennande opplegg med RIB-båtar der ein får ein fantastisk tur i skjærgarden i Nordhordland og kan få prøve seg på ein tur ut i storhavet mot Fedje.

  • Kapasitet: Ein båt kan ta inntil 12 personar og vi kan stille med 3 båtar på samme tid. På ein tur frå Bergen kan vi soleis ta inntil 36 personar. Om de er på Kjelstraumen kan kver båt to turar på 30 min og då kan vi på ein time køyre totalt 72 personar.
     
  • Varighet: Turen Bergen - Kjelstraumen vil ta minst 1 time, men vi kan gjerne utvide den om ønskeleg.
     
  • Pris: Kostnaden er basert på timeleige. Du leiger ein heil båt og betalar soleis samme pris om de er 5 eller 12 personar. Pris per person vil soleis variere basert på antall. Ta kontakt for info.
     
  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer!
     
  • Utstyr: Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen. Du kan soleis komme slik du er!
     
  • Fart: Våre båtar har ein marsjfart på 35 knopp og ein toppfart på 45!
     
  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevingar.