Velkomen ombord

Fjordguiding tilbyr turar langs Vestlandskysten. Sommarstid har me faste avgangar frå Geiranger og Eivindvik.

Geirangerfjord Safari

Frå Geiranger går turen ut den storslåtte Geirangerfjorden, som sidan 2005 stått på UNESCO si verdsarvliste. Turen er ei oppleving av unik norsk natur, kultur og historie. Store fossefall, eldgamle fjordgardar og enorme fjellmassiv vil etterlate seg inntrykk sjølv hos den mest bereiste. Ingen måte er betre å oppleve denne spektakulære fjorden på enn å kome på nært hald med våre opne safari båtar.

Frå Eivindvik vert De tatt med på safari mellom 1500 holmar og skjer frå Fensfjorden i sør til Sognesjøen i nord. Me vil stogge fleire stader for å syne korleis folk gjennom tidene har klora seg fast på desse steinute strender der berg møter hav.

FjordGuiding arrangerer også turar til faste reisemål som Utvær, Alden, Ålesund, Bergen, Lindåsslusene, og Skjerjehamn.

Våre turar høver for folk i alle aldrar, og båtane er av type RIB som stettar dine høge krav til tryggleik og komfort.