MS SOGNESJØ

FIN PASSASJERbåt lokalisert i SLØVÅG

MS Sognesjø er ein nyleg renovert passasjerbåt som no har fått Gulen som heimehamn.
Innvendig er båten veldig lys og luftig og framstår innbydande. Båten har stor uteplass der alle passasjerane kan opphalde seg samtidig.

Den fungerar fint til både korte og lengre turar samtidig som den er godt eigna til fisketurar.

Båten kan ta inntil 48 passasjerar og har ein marsjfart på 22 knop.

Før fartøyet kom til Gulen i 2015 har den blitt brukt til diverse passasjeroppdrag både i Bergen og Nord Norge. Båten blei bygd i Hyen i 1985 og fekk då namnet Svein Magne. Det er med andre ord ein trufast slitar som er klar for nye oppdrag!

  • Kapasitet: Båten kan ta inntil 18 personar.
     
  • Pris: Ta kontakt for pristilbod.
     
  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer. Båten har nullpunkt i Sløvåg/Gulen.
     
  • Fart: Båten har ein marsjfart på 22 knop.
     
  • Køyrerute: Der du måtte ønske.
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året!