RIB

FARTSFYLLT OPPLEVING eller transport SOM PASSAR FOR ALLE!

Ein RIB-tur er i utgangspunktet underhaldning, men disse båtane med sin høge fart passar også perfekt til transport av både folk og gods.

For deg som er ute etter ei oppleving så tar vi deg med på ein fartsfylt tur der sikkerheita er i hovudfokus under heile turen

Dette er turar som passar perfekt som ein kickstart på blåturar og utdrikkingslag. Også for deg som berre ønskjer å kombinere hurtig transport med ei flott og underhaldande oppleving.

Turen tilpassast heilt etter ønskje frå deg som er kunde. Ein kan ta ein roleg sightseeing tur på Nordåsvatnet eller sette kursen mot Marstein Fyr og få kjenne på naturkreftene.

Ønskjer du å oppleve fjordane kan vi på ein time ta deg med inn Osterfjorden heilt til Modalen. Ein tur rundt heile Sotra vil gje deg ei storslått naturoppleving i fantastisk skjergard!

Vi kan skreddarsy eit komplett arrangement der ein kombinera ein slik tur med besøk hos ein av dei flotte serveringsstadane som ligg i skjergarden rundt Bergen.

  • Kapasitet: Ein båt kan ta inntil 12 personar og vi kan stille med 3 båtar på same tid. Tar kvar båt to turar på 30 min kan vi på ein time køyre totalt 72 personar.
     

  • Varigheit: Turen kan vare så lenge du måtte ønskje. Normalt anbefaler vi ein tur på minst 1 time, men dette kjem litt an på kva setting det er snakk om. Er det berre snakk om ein liten kickstart på eit arrangement kan 20-30 minutt være nok!
     

  • Minimumsleie per båt er 1 time.
     

  • Pris: Kostnaden er basert på timeleige. Du leiger ein heil båt og betalar soleis same pris om de er 5 eller 12 personar.
     

  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer!
     

  • For turar ut til havet vil det være beste å starte opp i området Flesland/Hjellestad, men har du god tid kan vi plukke deg opp midt i Bergen sentrum!
     

  • Vårt nullpunkt strekkjer seg frå sentrum til Hjellestad, men vi tar naturlegvis også turar utanfor dette området.
     

  • Utstyr: Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen. Du kan soleis komme slik du er!
     

  • Fart: Våre båtar har ein marsjfart på 35 knopp og ein toppfart på 45!
     

  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve
     

  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevingar.