SKJERJEHAMN

ein naturleg møtestad midt i farleia!

Skjerjehamn har eit historisk sus over seg frå tida då hovudvegen var på sjøen. Hit kom båtane frå fjordane på sine reiser til og frå Bergen.

I dag ligg Skjerjehamn som ei perle klar for å ta imot folk til eit flott arrangement.

Reisa til Skjerjehamn er ei stor oppleving uansett kvar du kjem frå. Frå Bergen får du ein idyllisk tur gjennom Alverstraumen eller du kan ta turen via storhavet. Våre RIB-båtar tek deg hurtig fram samtidig som du kjem nærmare naturen enn kva du trudde var mogeleg.

Skjerjehamn er stoppestad for Norled sine hurtigbåtar til/frå Bergen og soleis vil det passe perfekt å kombinere dette med RIB-tur eine vegen.

  • Kapasitet: Ein båt kan ta inntil 12 personar og vi kan stille med 3 båtar på samme tid.
     
  • Varighet: Med RIB-båt ligg Skjerjehamn ein drøy time frå Bergen og 15 minutt frå Mongstad.
     
  • Pris: Ta kontakt.
     
  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer!.
     
  • Utstyr: Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen. Du kan soleis komme slik du er!
     
  • Fart: Våre båtar har ein marsjfart på 35 knopp og ein toppfart på 45!
     
  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve.
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevelsar.