FJORD GUIDING DA

Frå rib-selskap til totalleverandør av fjord og kystopplevelsar.

FjordGuiding vart opprinneleg starta i 2007 av Gulen Skyssbåtservice ved Per Vold og Sognefjord Invest AS ved Kjetil Hantveit. 

Selskapet starta med dei to systerribbane Gere og Freke bygd i Brasil og utrusta i Stryn. Selskapet hadde som føremål å levere opplevingsturar langs Vestlandskysten. 

Allereie fyrste sesongen i 2007 lukkast selskapet i slik grad at det raskt vart kjøpt inn ein båt til for å dekke behovet, ribbåten Fenris, ein Parker 900RS. Seinare har oppdraga auka på, passasjermebgda auka og fleire båtar har blitt kjøpt. 

I 2010 overtok Sognefjord Invest AS heile selskapet. I dag fraktar FjordGuiding tusenvis av opplevingsturistar årleg, og leverer turar frå Austevoll i sør til Geiranger i nord. Selskapet har i dag heilårleg tilsette, er framleis i sterk vekst og ser stadig fram mot nye horisontar og fjordar å syne fram. 

Suksesskriteriane som har ført til at selskapet er kome der det er i dag er hardt arbeid over tid, redudans, flinke tilsette, noko flaks og ein fantastisk vestlandsnatur å syne fram.

Omsetninga til FjordGuiding har sidan 2011 auka med ca. ein halv million kroner årleg og er i dag på ca. 4,5 million kroner.


TELeFON

(+47) 47 80 20 10


MAIL

info@fjordguiding.no


Location

Fjord Guiding AS
Hantveit 257
5960 DALSØYRA
NORWAY


kontaKtperson

Ola Alexander Lilloe-Olsen 
ola@fjordguiding.no
(+47) 47 40 75 41


ORGANISASJONSNR.

991 488 863