UTVÆR FYR

norges vestlegaste punkt!

Turen til Utvær går i ope havstrekk, og reisa kan vere ei like flott oppleving som målet!

Ved ankomst Utvær går me i land og rusler rundt og ser på attraksjonane- Fyret, slipeberga, moloen og Paradis! Me brukar om lag 1.5 time i land, før turen går tilbake.

Lenger mot vest er det ikkje mogleg å reise i Noreg dersom du skal ha fast grunn under føtene.

Det er ikkje fastbuande att på fiskeværet Utvær, og området er i dag eit naturreservat.

Frå Utvær er det berre drygt 200 nautiske mil til Shetlandsøyane. Her slipte vikingane knivane og øksene sine på sin veg i viking. Dette ser ein framleis tydlege spor av i berget sørvest på holmen.

I middelalderen var det eit kapell sør for den noverande busetnaden. Det er noko uvisst når kapellet vart bygd. Dei fyrste skriftlege kjelder som nemner kapellet, er Bjørgynar Kalveskinn frå 1320. Kapellet hadde inntekter gjennom gåver og fisketiende. På 1600 talet eigde kapellet 15 kyr og 27 sauer som vart utleigd. Seinare på 1600 talet opplevde Utvær kapell å bli røva av skotske sjørøvarar.

Kapellet var laga av tømmer og var ca. 7.5 m langt og ca. 6.3 m breitt. Her var om lag 120 sitteplassar. Kapellklokka frå 1641 kan ein i dag finne utstilt på dei Heibergske Samlingar i Kaupanger. I kapellet vart det halde 4 preikener i året. Presten kom i båt frå Eivindvik. Presten sat ofte værfast på øyane lenger inne. I 1718 var kapellet flytta inn til Husøy. Då Straumen kyrkje vart teken i bruk ved slutten av 1800-talet, vart kapellet rive.

Soga seier at ei irsk kongsdotter, St. Sunniva vart overfalt av vikingar i det tiande århundre. Ho samla slekt og vener i tre båtar utan våpen, årar og segl. Skipa dreiv i land på Selje (Selje kloster), Kinn og Utvær. Kapellet på Utvær vart via til St. Clemens som var  vernehelgen for sjøfolk og ankersmedar

Fiskeværet Utvær låg midt i smørauget for dei rike sildefiska på 1800-talet, og på det meste budde mellom 200 og 300 menneske i det vesle øysamfunnet.

Februar 1945 vart fyrtårnet sett i brann under eit alliert flyangrep. Fyret vart bygd opp att 1948 – 1952. Sjølve fyret fekk då ei anna utforming enn tidlegare og “balkongen” på toppen ein etasje mindre.

Omlegging av fiskeria gjorde etter kvart Utvær til ein einbølt plass. Folket flytta, og i 1958 budde berre to familiar att. Om sommaren fyller feriefolk husa, og det er liv og røre som i gamle dagar.